D/S OSTER blei ærklært ferdig restaurert av fylkesmannen i Hordaland, Svein Alsaker, den 11. juni 2005 – ein merkjedag for båten og laget, NHVL.
Nordhordland Veteranbåtlag har restaurert D/S OSTER, som vart bygt i 1908 v/ Christianssands Mek. Værksted, og gjekk i rutefart i fjordane rundt Osterøy i heile 56 år. Då båten hadde vore i fart i 55 år skreiv døveprest Ragnvald Hammer songen «Dar Kjem Dampen» til ære for D/S OSTER. Ivar Medaas sette tone til og framførte songen og denne har vore ofte å høyra på radioen. Ein kan trygt seia at denne songen har halde liv i minnet om både D/S OSTER og dei andre dampbåtane.
Soga til «Oster» byrjar med at Modalen kommune på byrjinga av det førre hundreåret var plaga med vinterisolasjon, då dei gamle rutebåtane ikkje klarte å bryta seg gjennom isen inn til Mostraumen og inn i Mofjorden. Kommunen bad Indre Nordhordlandske Dampskibsselskab om at det måtte byggjast ein ny båt med sterkt skrog og kraftig maskin, som kunne bryta vinterisolasjonen for kommunen. Båten vart bygt ved Christianssands Mek. Værksted i 1908 og viste seg å vera ein god isbrytar, som innfridde alle forventningane. Sjølv om han ikkje klarte å ta seg inn til kaien på Mo, så klarte han å ta seg fram til ein trygg iskant, slik at varene kunne hentast og passasjerane kunne spasera iland.
«Oster» vart ein påliteleg og populær båt og hadde berre 2 kapteinar på dei 44 første åra. Det var tydeleg at dei som mønstra på «Oster» vart på båten til dei vart pensjonerte.
Båten vart teken av tyskarane og var i tysk teneste under krigen, men etter krigen vart han reparert og gjekk trufast i rutene sine og vart etterkvart den einaste kolfyrte rutebåten på hamna i Bergen. Dei andre dampbåtane vart moderniserte med salongar og oljefyring, men «Oster» la svarte røykskyer etter seg.
I 1964 fekk båten kjelehavari og kjelen let seg ikkje reparera. Det vart sett ned ein komite som skulle prøva å ta vare på båten, men tida var ikkje moden for dette då og i september 1964 vart «Oster» selt for å byggjast om til fraktebåt. I april 1966 kom båten i fart som m/s «Vaka», ribba for dampmaskin og passasjerinnreiing. Båten hadde fått eit stort lasterom og dieselmotor og slik segla han på kysten i nær 30 år med sand og sement.
I 1995 vart båten lyst ut for salg både hjå innan- og utenlandske veteranbåtkretsar. Det var sterke krefter i sving for å kjøpa båten heimatt til det gamle ruteområdet og dette lukkast og den 8.mars 1996 vart båten overteken ved Shetlands-Larsens Brygge i Bergen og gudmødrene Margot Kaasa Hammer og Kari Medaas gav båten namnet m/s «Gamle Oster».
På årsmøtet i Nordhordland Veteranbåtlag vart det gjort vedtak om at båten skulle restaurerast attende, til slik han var, då han gjekk ut or rutefarten i 1964.
Dugnadsarbeidet kom straks igong og til no er det lagt ned omlag 15.000 timar ombord. I tillegg kjem alt kontorarbeidet.
Ein milepel vart passert då båten segla inn på Vågen i Bergen den 3.august 2000, som hovud- attraksjon under opninga av dampbåtfestivalen Norsteam-2000. Dette var første turen med dampmaskin på 36 år og ombygginga var uhyre spanande, men takka vera ein sporty verkstad og ein enorm dugnadsopplutning av medlemene, så heldt tidsskjemaet med små marginar. D/s «Oster» vart motteken av 40.000 menneske som klappa båten innover Vågen og til kai ved Shetlands-Larsens Brygge og mang ei tåre måtte tørkast bort. Nordsteam-2000 vart ein vellukka festival, som hadde den beste publikumsoppslutninga av samtlege arrangement i Kulturbyåret 2000. Det hadde ein veldig positiv effekt for Nordhordland Veteranbåtlag at d/s»OSTER» vart teknisk og eksteriørmessig klar til å vera med på Norsteam-2000. NHVL hadde ikkje råd til å bomma på dette!
Under vinteropplaget i 2000-1, fekk båten ny mast m/bom og komplett rigg. Det vart også gjort utbetringar på maskineriet, slik at farten auka til 8 – 9 knop. Seinare på sommaren 2001 kom aktermasta på plass. Båten låg ved kai i Bergen då deltakarane på Cutty Sark 2001 var innom byen. Sjølv ein dampbåt vart lagt merke til, under desse dagane!
Vinteren 2001-2 vart det gjort store reparasjonar ved Mastrevik Mek. Her vart heile det gamle promenadedekket fjerna og dekksbjelkane og rennesteinane vart reparerte før det vart lagt nytt dekk. På fordekket vart kappenedgangen flytta og ei ny lasteluke kom på plass. Innandørs vart bysseromet og 3 toalettrom bygt opp. Damesalong- og postkontorhuset vart komplettert og på promenadedekket vart det bygt eit nytt salonghus. Livbåtane m/davitar vart også monterte. Under dekk vart både det forre og det aktre maskinromsskottet bygt opp.
Frå Mastrevik gjekk turen til Fartøyvernsenteret i Norheimsund der det vart gjort innreiings- arbeid i den nye damesalongen, postkontoret, kapteinslugaren og i dei to salongane i dekks- huset på promenadedekket. Nye dører i frontskottet kom også på plass og topprekke av teak på bruvingane, og på båt- og promenadedekket. Den 15.juli gjekk turen attende til Bjørsvik etter omlag 9 månaders fråver.