Onsdag 4/8: Samling
Båtane samlast i Bergen og Ålesund for samsegling til Skjerjehamn og Måløy der fartya vil bli tatt godt imot. ”Turleiar” nordover vert D/S Stavenes ved Øyvin Konglevoll (mobil 951 13 223). Ruta er lagt opp slik at ein kan delta på delar av reisa og køyre heim med ekspress. Turleiar for dei som kjem nordafrå Stadten vert
Retur med Fjord 1 sin ekspressbåt frå Skjerjehamn kl. 19.10 til Bergen 20:40 for dei som er på dagstur.
12:00 Felles avgang frå Bergen
13:00 Salhus
13:00 Frekkhaug
13:15 Knarvik
14:30 Lygra
16:00 Vardetangen
17:30 Ankomst Skjerjehamn
Kro og underholdning i Skjerjehamn. Overnatting på land (bestilling 954 22 033). Skjerjehamn er ein gamal handelsstad der båtane før møtest for omlasting av gods og passasjerar, og var så seint som på 50 talet den travlaste hamna i Sogn og Fjordane. Handelsstaden er pussa opp for mange millionar og er ei oppleving i seg sjølv. Blant anna kan ein her sjå Olav Steen si statue av Kong Olav. Her vil vertskapet ta i mot. Trangt langs kaiene kan det bli, men det vil nok bli plass til alle.
Torsdag 5/8: Opningsdag
Denne dagen vert det også høve for dei som ynskjer det å følgje ein av dei gamle båtane nordover til Florø. Ein del båtar vil kunne ta andre ruter.
Ekspressbåt frå Florø kl. 08.35 til Soleibotn kl.10.10.
Ekspressbåt frå Bergen kl.08.00 til Skjerjehamn 09.20.
09.30 Avgang frå Skjerjehamn
10:00 Eivindvik
10:15 Soleibotn
11:15 Krakhella
13:00 Askvoll, ein times stopp, is og påstigande passasjerar
15:00 Stavenes, MS Atløy møter konvoien
15:30 Svanøy, halvtimes stopp for ein del av båtane
16:30 Passasjerar i land i Florø sørgåande ekspressbåt til Bergen 17.05.
17:15 Felles innsegling på hamna
Prisar
Bergen – Skjerjehamn 200,-
Skjerjehamn – Florø 200,-
30% rabatt på tislutning med Fjord1
Barn 1/2 pris
Billetsal ved ombordstigning
Programmet i Florø finn du i menyen over eller her.
Etter Fjordsteam vert det samsegling inn Sognefjorden. Vil du vite meir om den finn du programmet i menyen eller her.